Motorsykkel – Klasse A/A2/A1

For alle dei tre klassene er opplæringa delt inn i fire trinn;

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs
  • Trinn 2 – Grunnleggende Opplæring
  • Trinn 3 – Trafikal Del
  • Trinn 4 – Avsluttande Opplæring

Generell info alle klasser:

– Den praktiske opplæringa (køyretimar) startar ved Ørsta trafikkstasjon i Hovdebygda.

– Trafikkskulen krev at du har fult motorsykkelutstyr (hjelm, køyredress, hanskar, sko). Dersom du ikkje har slikt utstyr sjølv kan du også leige med oss. Om du ikkje har kjøpt enda, og er litt usikker på kva du treng, leiger du med oss først, slika at du får tid (og råd) om kva du bør kjøpe.

– Alle køyretimar vert gjennomført med trafikkskulen sine motorsyklar.

– Husk at sjølv om det er 10-15 grader ute, blir det fort veldig kaldt når vi kjører i ei 80-sone. Ta difor med gode, varme og ledige (ull-) kle som du kan ha under MC-dressen. Det er også veldig greit å ha noko som dekker halsen (buff).

Klasse A (tung motorsykkel):

Denne klassa gir deg ubegrensa førarrett, dvs. at ein kan køyre så stor/tung motorsykkel ein ynskjer. Alderskravet har blitt oppjustert til 24 år om en ikkje har nokon erfaring eller førarrett på motorsykkel frå tidligare. Om en tek A2 når en er t.d. 18 år, kan ein etter å ha gjennomført eit sjutimars kurs oppgradere førarretten til klasse A (tung motorsykkel) allereie når ein er 20 år.

For å oppnå førarrett klasse A må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på en trafikkstasjon.

Les meir om opplæringa her

Klasse A2 (mellomtung motorsykkel):

Denne klassa gir deg førarrett på mellomtung motorsykkel opptil 35 KW. Alderskravet er 18 år. For å oppnå førarrett i klasse A2 må en gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon.

Les meir om opplæringa her

Meir info om overgangsreglar og oppgradering av førarrett kl A2 her

 Klasse A1 (lett motorsykkel):

Denne klassa gir deg førarrett på lett motorsykkel opptil 125 ccm, og høgst 11 KW. Alderskravet er 16 år. For å oppnå førarrett i Klasse A1 må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon. Bortsett frå ein tretimars obligatorisk teoridel, er det ingen krav til teoriundervisning i Klasse A1. Sidan elevane er 15-16 år og har liten trafikal erfaring frå før, startar vi opplæringa med teoriundervisning, før den praktiske opplæringa (køyretimar).