Moped – Klasse AM 146

Mopedopplæringa er inndelt i fire trinn;

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs
  • Trinn 2 – Grunnleggande opplæring
  • Trinn 3 – Trafikal Del
  • Trinn 4 – Avsluttande Opplæring

Det er ikkje nokon obligatorisk teoriundervisning i denne klassa, men sidan elevane er i 15-16 års alderen, og såleis har begrensa med trafikal erfaring synes vi at dei må ha ei teoretisk innføring før den praktiske delen (køyretimane) startar.

Det er ingen praktisk prøve (førerprøve) i denne klassa. Det er kun teorieksamen ved en trafikkstasjon, og denne kan takast tidlegast den dagen eleven fyller 16 år.

I 2016 vart opplæringa for moped (klasse AM 146) endra. No er det ikkje lenger det gamle mopedkurset som gjeld, men ei praktisk måling av eleven sine ferdigheiter som vert lagt til grunn for å kunne gå vidare med opplæringa. Du må med dette oppnå dei krav som er satt for trinn 1 for å gå vidare med trinn 2, osv.