Rotevatn Trafikkskule vart starta i 1976, og er ein av dei eldste trafikkskulane i Volda. Skulen vart starta av John Rotevatn, som framleis jobbar fullt i skulen. I 2005 vart også sonen Kjell Erik tilsett som trafikklærar, og han er i dag fagleg og dagleg leiar på trafikkskulen.

Trafikkskulen kjøpte i 2011 Ulstein Trafikkskule, og fekk dermed ein større base også i Ulsteinvik. I tida etter dette har vi vidare tilsett fire nye trafikklærarar, slik at vi i dag er sju trafikklærarar som driv undervisning rundt om på Søre Sunnmøre. Med fleire tilsette har vi auka kapasitet, og kan gi eit betre tilbod til elevane våre. For oss er det viktig at elevane føler dei får god oppfølging av lærarane sine, og at dei er trygge på at opplæringa førebur dei til å verte trygge og flinke sjåførar på vegane.

 

Opel_Adam