Rotevatn Trafikkskule - kvalitet og trafikksikkerheit i førarsetet


Rotevatn Trafikkskule vart starta i 1976, og er ein av dei eldste trafikkskulane i Volda. Skulen vart starta av John Rotevatn. I 2005 vart også sonen Kjell Erik tilsett som trafikklærar, og han er i dag dagleg og fagleg leiar på trafikkskulen.

Trafikkskulen kjøpte i 2011 Ulstein Trafikkskule, og fekk dermed ein større base også i Ulsteinvik. I tida etter dette har vi vidare tilsett fire nye trafikklærarar, slik at vi i dag er sju trafikklærarar som driv undervisning rundt om på Søre Sunnmøre. Med fleire tilsette har vi auka kapasitet, og kan gi eit betre tilbod til elevane våre. For oss er det viktig at elevane føler dei får god oppfølging av lærarane sine, og at dei er trygge på at opplæringa førebur dei til å verte trygge og flinke sjåførar på vegane.

I 2016 feira vi 40-års jubileum, og i samband med dette trekte vi ein heldig elev som vann ein Opel Adam, ein elev som vann ein moped, og ein MC-elev som vann MC-bekledning. 

Om du har spørsmål om trafikkopplæringa, ønskjer å melde deg på kurs eller har andre spørsmål, treff du oss på post@rotevatntrafikkskole og telefon: 70079500, samt på facebook   

Kontoret vårt i Snippa i Volda har ope kvardagar kl 10.00-16.00. Kom gjerne innom for ein prat!

Dei tilsette ved trafikkskulen er:

Trafikklærarar:

  • John Rotevatn
    Utdanning: Statens Trafikklærerskole (1974)
    Erfaring: Øvingslærar ved Statens Trafikklærerskole, lærar ved eigen skule sidan 1976.
    John underviser i: Personbil (Kl. B), Tung motorsykkel (Kl. A), Moped, Trafikalt grunnkurs, 65 + Kurs
  • Kjell Erik Rotevatn
    Kjell Erik er dagleg og fagleg leiar ved trafikkskulen
    Utdanning: Statens Trafikklærerskole (2003)
    Erfaring: Tilsett ved trafikkskule i Stavanger 2003-2005, tilsett ved Rotevatn Trafikkskule frå 2005. Instruktør for MC03-kurs sidan 2007, Sitt i nasjonal faggruppe for MC og moped frå 2016
    Kjell Erik underviser i: Personbil (Kl. B), Tung motorsykkel (Kl. A), Lett motorsykkel (Kl. A1), Trafikalt grunnkurs
  • Paul Leinebø
    Utdanning: Statens Trafikklærerskole
    Erfaring: Dreiv tidlegare Ulstein Trafikkskule som i 2011 vart kjøpt opp av Rotevatn Trafikkskule.
    Paul underviser i: Personbil (Kl. B), Personbil med hengar (Kl. BE) og Trafikalt grunnkurs
  • Anna Voldnes
    Utdanning: Høgskolen i Nord-Trøndelag, avd. for trafikklærerutdanning (2007)
    Erfaring: Arbeida tidlegare som trafikklærar i Kragerø, før ho vart tilsett ved Rotevatn Trafikkskule i 2012.
    Anna underviser i: Personbil (Kl. B) og Trafikalt grunnkurs
  • Vegard Flåskjer
    Utdanning: Høgskolen i Nord-Trøndelag, avd for trafikklærerutdanning (2013)
    Vegard underviser i: Personbil (Kl. B), Trafikalt grunnkurs og Moped
  • Aslaug Brudevoll
    Utdanning: Høgskolen i Nord-Trøndelag, avd for trafikklærerutdanning (2014)
    Aslaug underviser i: Personbil (Kl. B) og Trafikalt grunnkurs
  • Hans-Vegard Ryste
    Utdanning: Statens Trafikklærerskole
    Erfaring: Hans-Vegard har jobba som trafikklærar sidan 1998, først på Østlandet og seinare på Sunnmøre.
    Hans-Vegard underviser i: Personbil (Kl.B), Tung Motorsykkel (Kl. A) og Moped (AM)

Administrativt tilsette:

  • Line Dahl Leknes
    Kontorsjef og koordinator for trafikklærarane. Line treff du på kontoret i Snippa, ho kan hjelpe deg å bestille køyretimar og førarprøver, og ho kan svare på det meste du måtte lure på angåande trafikkopplæringa. 
  • Merete Rotevatn
    Merete er deltidstilsett, og jobbar for det meste med kommunikasjon og publisering.