PERSONBIL

KLASSE B

Opplæringa i klasse B er delt inn i fire trinn:

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs

  • Trinn 2 – Grunnleggende opplæring

  • Trinn 3 – Trafikal del

  • Trinn 4 – Avsluttande opplæring

Hensikta med denne inndelinga er at eleven skal utvikle seg og modne over tid, og for å få ei trinnvis innføring. Du kan lese meir om dei ulike trinna på Statens Vegvesen sine nettsider. På bakgrunn av dette anbefalar vi at opplæringa blir gjennomført over tid, med tanke på læringsutbytte. Vi anbefalar vidare også at elevane øver mykje privat mellom køyretimane, og at trafikkskule, elev og ledsagar samarbeidar tett om opplæringa.

Frå 01.01.2018 begynte Rotevatn Trafikkskule, som ein av dei få, å sende elev og føresatte ein rapport etter kvar køyretime. Denne rapporten inneheld ein oversikt over elevens saldo, attendemelding frå siste køyretime, køyrestil, henvisning til kva filmar eleven bør sette seg inn i frå Teorifilm.no, samt informasjon om når neste køyretime føreligg.

Avbestillingsfrist er 24 timar før avtale, men er timen på ein mandag, må denne avbestillast fredag som reknast som siste virkedag.

Prisar


Type Varigheit Pris
Køyretime 45 min 795,-
Køyretime 60 min 1060,-
Tillegg per 45 min helg 60 min 100,-
Sikkerhetskurs på bane 180 min (per elev) 4350,-
Bykøyring (2 elever) 180 min (per elev) 3700,-
Bykøyring (1 elev) 250 min 4850,-
Bykøyring frå Ulsteinvik 180 min (per elev) 3700,-
Forbikøyring 105 min 2100,-
Trinnvurdering (Trinn 2) 45 min 795,-
Trinnvurdering (Trinn 3) 90 min 1590,-
Sikkerhetskurs på veg 13 timar 10600,-
Innleiande teori 90 min 950,-
Køyring i landevegsmiljø 225 min 4800,-
Planlegging og køyring i variert miljø 180 min 3900,-
Avsluttande teori 90 min 950,-
Muntleg teorihjelp 45 min 795,-
Leige av bil til førarprøve 2600,-

GEBYR KLASSE B (Betalast direkte til Statens vegvesen)


Type Pris Merknadar
Teorieksamen 380,-  + foto 70,-
Praktisk prøve 1240,-
Produksjon førarkort 220,- (90,- på nett)
Baneleie NAF Øvingsbane (Sikkerhetskurs) 1450,-

Alle timer/avtaler som ikke benyttes, eller blir avbestilt etter fristen på 24 timer må betales i sin helhet. Det er 48 timers avbestillingsfrist på all obligatorisk opplæring.