I tillegg til den faglege delen av trafikkopplæringa, er der nokre viktige praktiske detaljar som må vere på plass før du er klar for å køyre opp:

  • Du må ha fullført trafikalt grunnkurs før du kan drive øvingskøyring, og hugs å alltid ha med grunnkursbevis og ID både når du har køyretimar og når du skal drive øvingskøyring privat.
  • Søknad om førarkort må leverast til Statens Vegvesen før du kan ta teorieksamen.
  • Du kan ta teoriprøva på trafikkstasjonen i Ørsta tysdag og torsdag kl 08.00-13.00 (drop in).
    nb! merk at du kan få tildelt andre tidspunkt dersom du har fått innvilga tilrettelagt prøve.
  • Teorieksamenen må vere bestått før vi kan bestille praktisk førarprøve til deg.
  • Hugs å ta med grunnkursbevis, ID og pengar til gebyr den dagen du skal ta den praktiske førarprøva.
    Hugs også at all opplæring må vere betalt til trafikkskulen før du skal ta den praktiske førarprøva.
  • Gebyrsatsane hos Statens Vegvesen for 2017 er som følgjer:
    - Teoriprøve moped: 600,-
    - Teoriprøve personbil (kl. B): 600,-
    - Teoriprøve motorsykkel (kl. A, A1 og A2): 600,-

    - Praktisk førarprøve personbil (kl. B): 1040,-
    - Praktisk førarprøve personbil med hengar (kl. BE): 880,-
    - Praktisk førarprøve motorsykkel (kl. A, A1 og A2): 1060,-

    - Utskriving av førarkort: 280,-
    - Fotografering: 75,-

 

Søknad om førarkort (1)