
MC-lappen
MOTORSYKKEL
KLASSE A-A1-A2
Vi tilbyr komplett opplæring for deg som ønskjer å ta MC-lappen, og vi hjelper deg gjennom heile prosessen, frå det teoretiske til den praktiske oppkøyringa. Med vår erfaring og skreddarsydde opplegg sørgjer vi for at du får ei trygg og grundig opplæring på veg mot motorsykkel-lappen.
For å få motorsykkel-lappen, må du gjennom fleire steg. Dette inkluderer både teori og praksis. Først må du gjennomføre teoriprøva for motorsykkel. Deretter kjem det praktiske, med køyretimar og til slutt oppkøyringa. Vi hjelper deg med alt du treng for å bestå prøvene og bli ein trygg motorsyklist.
For alle dei tre klassene er opplæringa delt inn i fire trinn
Trinn 1 – Trafikalt grunnkurs
Trinn 2 – Grunnleggende opplæring
Trinn 3 – Trafikal del
Trinn 4 – Avsluttande opplæring
Generell info for alle klasser
Den praktiske opplæringa (køyretimar) startar ved Ørsta trafikkstasjon i Hovdebygda.
Trafikkskulen krev at du har fult motorsykkelutstyr (hjelm, køyredress, hanskar, sko). Dersom du ikkje har slikt utstyr sjølv kan du også leige med oss. Om du ikkje har kjøpt enda, og er litt usikker på kva du treng, leiger du med oss først, slika at du får tid (og råd) om kva du bør kjøpe.
Alle køyretimar vert gjennomført med trafikkskulen sine motorsyklar.
Klasse A (tung motorsykkel)
Denne klassa gir deg ubegrensa førarrett, dvs. at ein kan køyre så stor/tung motorsykkel ein ynskjer. Alderskravet har blitt oppjustert til 24 år om en ikkje har nokon erfaring eller førarrett på motorsykkel frå tidligare. Om en tek A2 når en er t.d. 18 år, kan ein etter å ha gjennomført eit sjutimars kurs oppgradere førarretten til klasse A (tung motorsykkel) allereie når ein er 20 år.
For å oppnå førarrett klasse A må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på en trafikkstasjon.
Les meir om opplæringa her
Klasse A1 (lett motorsykkel)
Denne klassa gir deg førarrett på lett motorsykkel opptil 125 ccm, og høgst 11 KW. Alderskravet er 16 år. For å oppnå førarrett i Klasse A1 må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon. Bortsett frå ein tretimars obligatorisk teoridel, er det ingen krav til teoriundervisning i Klasse A1. Sidan elevane er 15-16 år og har liten trafikal erfaring frå før, startar vi opplæringa med teoriundervisning, før den praktiske opplæringa (køyretimar).
Klasse A2 (mellomtung motorsykkel)
Denne klassa gir deg førarrett på mellomtung motorsykkel opptil 35 KW. Alderskravet er 18 år. For å oppnå førarrett i klasse A2 må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon.
Les meir om opplæringa her
Meir info om overgangsreglar og oppgradering av førarrett kl A2 her.
Prisar
Type | Trinn | Klasse | Pris |
---|---|---|---|
Grunnkurs | 2 | A, A2, A1 | 1500,- |
Per køyretime / trinnvurdering | 2 | Alle | 1050,- |
Trinnvurdering | 3 | Alle | 1400,- |
Obl. sikkerhetskurs bane | 3 | A2, A | 5000,- |
Obl. sikkerhetskurs | 3 | A1 | 4400,- |
Obl. sikkerhetskurs | 4 | A | 5800,- |
Obl. sikkerhetskurs | 4 | A2 | 5700,- |
Obl. sikkerhetskurs | 4 | A1 | 5700,- |
Innledning / oppsummering | 4 | A | 1000,- |
Leie av utstyr | - | Alle | 950,- |
Leie av sykkel (førerprøve) | - | Alle | 2400,- |
Tillegg per 45 min (helg) | - | Alle | 100,- |
Utvidelse | - | A1->A2 | 2100,- |
Utvidelse | - | A2->A | 6900,- |
Gebyr | Beløp |
---|---|
Teoriprøve | 390,- |
Foto (SKAL tas første gang man tar teori) | 70,- |
Praktisk prøve | 2150,- (2110,- på nett) |
Produksjon av førerkort | 230,- (90,- på nett) |
Kvifor velje Rotevatn Trafikkskule for MC-lappen?
Hos Rotevatn Trafikkskule får du opplæring som er tilpassa deg og ditt behov. Vi legg stor vekt på personleg oppfølging, og vi har erfarne instruktørar som veit korleis dei kan hjelpe deg å bli trygg og sjølvsikker på motorsykkel. Våre kurs er fleksible, og vi tilbyr både teori og praksisopplæring i eit triveleg og trygt læringsmiljø.
Ofte stilte spørsmål
-
Tida det tek, avheng av kor mykje erfaring du har frå før og kor ofte du tek køyretimar. Vi legg opp opplæringa etter ditt tempo, men det er vanleg å bruke nokre månader.
-
For å ta MC grunnkurs, må du ha fylt 15 år. Dette kurset er obligatorisk og må fullførast før du kan starte med køyretimane.
-
Nei, du kan starte med køyretimar medan du førebur deg til teoriprøva. Men du må bestå teoriprøva før du kan gå opp til oppkøyring.
-
Prisen for klasse A førerkort vil variere avhengig av kor mange timar du treng. Ta kontakt med oss for ein detaljert prisoversikt.
-
Ja, vi tilbyr fleksible køyretimar både på kveldstid og i helger, slik at opplæringa kan tilpassast din kvardag.