Historie & Statistikk
40 års erfaring med trafikkopplæring er tilbakelagt…
40 års erfaring med trafikkopplæring er tilbakelagt…
Bli betre kjent med Rotevatn Trafikkskule AS
Rotevatn Trafikkskule vart skipa i 1976 av John Rotevatn, og er i dag ein av dei eldste og mest entusiastiske trafikkskulane på Sunnmøre. Kjell Erik Rotevatn, son til John Rotevatn, byrja ved trafikkskulen i 2005 og er i dag fagleg og dagleg leiar i trafikkskulen. Trafikkskulen etablerte seg i Ulsteinvik i 2011 og utvida med dette omfanget sitt. Dette bidrog til at skulen fekk fleire trafikklærarar som i dag praktiserar til rundt om på Søre Sunnmøre.
Rotevatn Trafikkskule AS kjøpte opp Skårbrevik Trafikkskole på Moa i Ålesund i byrjinga av 2018, og vidarefører trafikkskulen under sitt godt kjende namn.
Alt i alt har dette medført at vi er den største trafikkskulen på Nordvestlandet med heile 21 tilsette, som yter deg trafikkopplæring på heile Sunnmøre.
og mykje anna stasj!
I 2016 feira Rotevatn Trafikkskule sine 40 år i bransjen. Som eit vikitg ledd i markeringa, lot vi alle våre elevar vere med på festen, og lodda ut ein bil, ein moped og full MC-bekledning. Tre heldige elevar vart trekte ut, der kvar av dei tre vinnarane fekk kvar sin premie.
Dette var stor stas både for trafikkskulen og elevane, og bilen – ein ny Opel Adam levert frå Bil og Gummiservice i Hovedbygda i Ørsta, vart trekt av lensmann Guttorm Hagen ved Ørsta Volda Lensmannskontor.
Ti gode grunnar til å ta sertifikatet hos oss:
solid bransjeerfaring
i løpet av et år
trafikklærarar
i administrasjon
på Sunnmøre