PERSONBIL

KLASSE B

Opplæringa i klasse B er delt inn i fire trinn:

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs

  • Trinn 2 – Grunnleggende opplæring

  • Trinn 3 – Trafikal del

  • Trinn 4 – Avsluttande opplæring

Hensikta med denne inndelinga er at eleven skal utvikle seg og modne over tid, og for å få ei trinnvis innføring. Du kan lese meir om dei ulike trinna på Statens Vegvesen sine nettsider. På bakgrunn av dette anbefalar vi at opplæringa blir gjennomført over tid, med tanke på læringsutbytte. Vi anbefalar vidare også at elevane øver mykje privat mellom køyretimane, og at trafikkskule, elev og ledsagar samarbeidar tett om opplæringa.

Frå 01.01.2018 begynte Rotevatn Trafikkskule, som ein av dei få, å sende elev og føresatte ein rapport etter kvar køyretime. Denne rapporten inneheld ein oversikt over elevens saldo, attendemelding frå siste køyretime, køyrestil, henvisning til kva filmar eleven bør sette seg inn i frå Teorifilm.no, samt informasjon om når neste køyretime føreligg.

Avbestillingsfrist er 24 timar før avtale, men er timen på ein mandag, må denne avbestillast fredag som reknast som siste virkedag.

Prisar


Type Varigheit Pris
Køyretime 45 min 875,-
Køyretime 60 min 1170,-
Tillegg per 45 min helg 60 min 250,-
Sikkerhetskurs på bane 180 min (per elev) 4750,-
Bykøyring (2 elever) 180 min (per elev) 3950,-
Bykøyring (1 elev) 250 min 5250,-
Bykøyring frå Ulsteinvik 180 min (per elev) 3950,-
Forbikøyring 105 min 2400,-
Trinnvurdering (Trinn 2) 45 min 875,-
Trinnvurdering (Trinn 3) 90 min 1750,-
Sikkerhetskurs på veg 13 timar 11850,-
Innleiande teori 90 min 1250,-
Køyring i landevegsmiljø 225 min 5100,-
Planlegging og køyring i variert miljø 180 min 4250,-
Avsluttande teori 90 min 1250,-
Muntleg teorihjelp 45 min 875,-
Leige av bil til førarprøve 2700,-

GEBYR KLASSE B (Betalast direkte til Statens vegvesen)


Type Pris Merknadar
Teorieksamen 390,-  + foto 70,-
Praktisk prøve 1290,-
Produksjon førarkort 230,- (90,- på nett)
Baneleie NAF Øvingsbane (Sikkerhetskurs) 1500,-

Alle timer/avtaler som ikke benyttes, eller blir avbestilt etter fristen på 24 timer må betales i sin helhet. Det er 48 timers avbestillingsfrist på all obligatorisk opplæring.