Den største trafikkskulen på Sunnmøre!
KVALITETSRIK OPPLÆRING
Våre trafikklærarar er alle uteksaminerte og har solid yrkeserfaring som sørger for at du får den beste køyreopplæringa.
KURSKALENDER
Skaff deg oversikt og meld deg på våre kurs ved å bruke vår Kurskalender.
Du finn den i menyen – eller her
OPPFØLGING
Attendemelding om utviklinga undervegs i opplæringa. Er eleven under 18 år – får føresette òg attendemelding.
Kvalitet og sikkerheit
i førarsetet
Velkomen til Rotevatn Trafikkskule – Største trafikkskulen på Sunnmøre.
Vi er ein trafikkskule som sørgjer for at du som elev under di aktuelle førarkortklasse får ei trygg og god trafikkopplæring via våre erfarne og fagutdanna trafikklærarar og instruktørar.
Vegen mot førarkortet skal du ikkje køyre åleine. Vi gir deg undervisning både i teori og praksis, og følgjer alle dine kilometer frå skulebenken til det endelege førarkortet etter endt oppkøyring. Vi har mange tilsette – noko som gjer at uføresett fråvær ikkje går på di bekostning.
Vi er der for deg – heile vegen!
-
Trafikalt grunnkurs
FØR ØVEKØYRING
Ved øvekøyring privat eller på køyreskule, må du ha fullført trafikalt grunnkurs før øvekøyringa kan starte. For å ta kurset må du vere minst 15 år.
-
PERSONBIL
KLASSE B
Trafikkskulen tilbyr opplæring i klasse B på heile Sunnmøre. Denne opplæringa følger læreplanen for klasse B, fastsatt av Vegdirektoratet.
-
BIL & TILHENGAR
KLASSE BE / B96
Trafikkskulen tilbyr opplæring i klasse B på heile Sunnmøre. Denne opplæringa følger læreplanen for klasse B, fastsatt av Vegdirektoratet.
-
MOTORSYKKEL
KLASSE A / A2 / A1
Vi tilbyr opplæring i alle dei tre Motorsykkelklassene. Den praktiske opplæringa foregår i Volda/Ørsta. Teorikurs held vi både i Volda og Ulsteinvik.
-
MOPED
KLASSE AM 146
Vi tilbyr Moped opplæring både i Volda/Ørsta og i Ulsteinvik. Om det blir samla ei stor nok gruppe, kan Trafikkskulen også komme til andre plassar og holde kurs.
-
MOPEDBIL
KLASSE AM 147
Vi tilbyr opplæring i køyretøyklassa AM147 Mopedbil. Den praktiske opplæringa foregår ved alle våre avdelingar, med servicepunkt i Volda.